page view image

Søndagstur med Kode til Rita Marhaug sitt atelier

Bli med Kode på søndagstur. Vi treffes på Stenersen, Kode og drar sammen til Rita Marhaug sitt atelier.

Informasjon
event image

  I nær fire tiår har Rita Marhaug vore ein aktiv kunstnar i Bergen og Noreg. Det er innan grafikk og performancekunst ho har si fordjuping.  På desse felta har ho også eit internasjonalt nettverk.

 I verkstaden hennar vil de få sjå verk frå ulike sider av produksjonen hennar. De vil også få demonstrert korleis ho førebur og trykkjer  grafikkplater i ein djuptrykkprosess.

 Kode har fleire av arbeida til Marhaug i samlinga si.

 Marhaug har undervist i mange år (2001-13) ved det som i dag er Fakultet for kunst, musikk og design, UiB. I dag er ho freelancekunstnar og styreleiar for Foreningen Trykkeriet, produksjons- og kompetansesenter for grafisk kunst.


Praktisk informasjon:

Pris:
– Ordinær voksen: kr 175

– Kode-medlem: gratis

– Barn: gratis

Oppmøte: Stenersen

Tid: kl. 13-15 


Begrenset antall plasser: husk å reservere plass.  

Billetten gir tilgang til alle Kode-museene hele dagen. 

atelier rita marhaug kunst performancekunst grafikk